Sjølvbyggar

Ønskjer du å byggje din eigen garasje, heilårs- eller fritidsbustad, eit uthus eller eit tilbygg? Det er mogleg å søkje om godkjenning som sjølvbyggjar (ha personleg ansvarsrett) for søknadspliktige byggjetiltak som etter lova skal vere ansvarsbelagt. Du må kunne sannsynleggjere at du har tilstrekkelige kunnskapar og erfaring for dei delane av byggjetiltaket du ønskjer å gjere sjølv. Godkjenning som sjølvbyggjar er ikkje til hinder for at du får hjelp av fagkyndige medhjelparar eller eit firma, men du vil sjølv vere ansvarleg for at plan- og bygningslova med underliggjande regelverk blir følgt innanfor godkjenningsområdet ditt.

Du kan berre få godkjenning som sjølvbyggjar for arbeid av låg kompleksitet og vanskegrad (tiltaksklasse 1). Det mest vanlege er at du blir godkjend som ansvarleg utførande for heile eller delar av arbeidet, medan du har hjelp av eit firma til å søkje og prosjektere tiltaket.

For dei tiltaka der lova stiller krav om kontroll, må kontroll gjennomførast av eit uavhengig føretak.

Har du generell bygningsteknisk utdanning og praksis, så bør du kunne bli godkjend. Andre forhold som det kan bli lagt vekt på, er om du tidlegare har vore med på oppføring av byggverk eller delteke på relevante kurs.

Byggjetiltaket kan vere

  • Einebustad (i særskilte tilfelle)
  • Delar av bustad
  • Grunnmur
  • Innvendige arbeid

Tiltaket må vere til eige bruk. Tomannsbustad eller rekkjehus er ikkje omfatta.

Sist endra 08.05.2014

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 43
Tittel :
Avd. ingeniør
Bunnhjørne
Hovudside (2)