Tiltak som ikkje krev søknad og løyve frå kommunen

Frå 1. juli 2015 gjeld nye reglar om kva byggjetiltak som kan setjast i verk utan søknad og løyve frå kommunen. Garasje inntil 50 m2 og enkelte mindre tilbygg kan førast opp utan søknad og løyve, om vilkåra for unntak er oppfylt. Endringane inneber større tillit til at du som tiltakshavar sjølv er ansvarleg for å avklare at byggjetiltaket oppfyller vilkåra for unntak. 

Direktoratet for byggkvalitet har informasjon om vilkår for unntak. Her viser maksimal storleik, høgde og krav til avstand frå nabogrense. Det er òg utarbeida ein vegvisar, der du trinn for trinn kan sjekke om alle vilkår for unntak er oppfylt. Under «Fil» til høgre på denne nettsida, finn du meir informasjon om søknadsplikt og unntak for ulike typar tiltak.

 

Ein føresetnad for å kunne byggje utan søknad og løyve frå kommunen, er at tiltaket samsvarar med gjeldande arealplan for området. Du har sjølv ansvar for å sjekke kva arealplan som gjeld og kva arealformål eigedommen din ligg innanfor. Om tiltaket kjem i strid med krav i gjeldande arealplan, så kan du ikkje setje i gang å byggje utan at det ligg føre ei godkjenning frå kommunen t.d. som dispensasjon frå arealplanen.

Rettleiaren «grad av utnytting» gir forklaring på bereknings- og målereglar m.a. arealdefinisjonar som bruksareal (BRA), utbygd areal/bebygd areal (BYA) o.s.v, og korleis du reknar ut desse areala. Rettleiaren viser korleis grad av utnytting av byggverka vert berekna, jf. kap. 2. For arealplanar som er godkjend før 1987, sjå kap. 5 i rettleiaren.    

 

Før du set i gang med bygging:

  • Finn ut kva du har lov å byggje på eigedommen.
  • Finn ut kor mykje du kan byggje ut tomta di (grad av utnytting), og at tiltaket ikkje kjem i strid med byggjegrenser, krav til fri sikt og ev. andre krav som arealplanen kan ha til byggverket.
  • Finn ut om du treng løyve frå anna mynde. Sjekk veglova, kulturminnelova og anna regelverk slik at du byggjer lovleg i høve til avstandskrav frå veg, avkøyrsle og liknande.  
  • Pass på at du ikkje plasserer bygg over vatn- og avlaupsleidningar.
  • Snakk med naboen. Sjølv om du ikkje må sende nabovarsel, kan det vere smart å informere naboen om bygginga.
  • Er du usikker på om byggjetiltaket oppfyller vilkåra om unntak frå søknadsplikt eller kva arealplan eller arealformål som gjeld for eigedommen din, ta kontakt med kommunen for hjelp til avklaring.

 

Når bygginga er fullført:
Hugs å melde frå til kommunen, slik at tiltaket vert registrert og teikna inn i kommunens kartsystem.

 

Aktuelt regelverk om unntak frå søknadsplikt:Plan- og bygningslova (PBL) § 20-5 og forskrift om byggesak, kapittel 4.

 

Sist endra 23.06.2015

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 43
Tittel :
Avd. ingeniør
Bunnhjørne
Hovudside (2)