Feiing og tilsyn med fyringsanlegg

I møte 27.05.10 har kommuunestyret i K-sak 031/10 vedteke ny ordning for feiing og tilsyn i kommunen i samsvar med dei nye føreskriftene på området. Den nye ordninga inneber at skal pipene kommunen feiast minimum kvart andre år; reint praktisk vert det lagt opp til feiing på ei side på fjorden eitt år og den andre sida av fjorden det andre året.

Det nye med ordninga som no er vedteken er tilsyn; det vil seie at det i kvar heim vert gjennomført ein gjennomgang av forholda som har med branntryggleiken å gjere. Tilsyna vil verte gjennomført etter avtale med huseigar/-leigar om dag og tid og skal minimum vere kvart 4. år.

Våre nabokommunar har tilsvarande feieordning.

Norddal kommune har no avtale med Ålesund brannvesen KF og det er faglærde derifrå som vil stå for feie- og tilsynsarbeidet.

Sist endra 15.11.2013

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 43
Tittel :
Avd. ingeniør
Bunnhjørne
Artikkel (1)
Artikkel (2)