Frådeling av eigedom

Deling av grunneigedom betyr å dele frå ein del av ein fast eigedom slik at denne delen får eige gards- og bruksnummer. Ved bortfeste av delar av ein eigedom for meir enn 10 år, må det også ligge føre eit delingsløyve. Krava til søknaden og saksbehandlinga i kommunen den same som for byggjesøknader

I Norddal kommune vert søknaden registrert hos oppmålingsansvarleg i kommunen. Vedkomande vurderer om dette er ein søknad som skal innom planavdelinga om dette er ein søknad som krev reguleringsjustering eller anne, eller næringsavdelinga om det gjeld deling av landbrukseigedom. Saka blir då vidaresendt dit til eiga handsaming, men det er oppmålingsansvarleg som koordinerer prosessen.

Det er grunneigar/ heimelshavar som søkjer kommunen om løyve til deling.
 

Søknadsskjema du treng

• Rekvisisjon av oppmålingsforretning
• Nabovarsel
• Gjenpart av nabovarsel

I tillegg må det følgje med kart med innteikna parsell. Kart finn du her.

BYGGSØK er ei gratis teneste hos statens bygningstekniske etat. Herfrå du hjelp gjennom prosessen med å utforme søknaden. Norddal kommune mottek desse søknadene elektronisk. 

Alternativt kan du nytte Stem og Stenersen sine skjema. Du må logge deg inn for å fylle ut skjema.
 

Søknaden vert handsama/vurdert etter:

• Gjeldande arealplanar (kommuneplanens arealdel, kommunedelplan/ reguleringsplan/ utbyggingsplan). Er søknaden i strid med gjeldande lov- og regelverk, kan søknaden handsamast som dispensasjonssak i samsvar med plan- og bygningslova §§ 19-1 og 2
• Plan- og bygningslova kap 26, 27 og 28 (Om parsellen er eigna til formålet, tilkomst, vatn/avlaup og naturgitte tilhøve som stabilitet i byggegrunn, risiko for flaum, fare for skred m.m)
• Jordlova §§ 9 og 12. (§ 9: For all jord som er dyrka eller eigna til dyrking. § 12: Eigedom som kan nyttast til jord eller skogbruk)

Den nye eigedomen får tildelt eige gnr/bnr, vert registrert i den sentrale matrikkelen og tinglyst. Matrikkelbrev på eigedomen vert sendt til aktuelle partar.

Tidsfristar for sakshandsaming er avhengig av at innlevert søknad er fullstendig.

Sist endra 08.05.2014

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 47
Tittel :
Kart/oppmåling
Bunnhjørne
Teneste (1)
Hovudside (2)