Klimaavhengige skadar i plante- og honningproduksjon og tap av sau på beite - erstatning

Du kan søkje om erstatning for produksjonssvikt som er forårsaka av klimatiske forhold eller katastrofeprega tap av sau på beite.

Ved klimaavhengige skadar i plante- og honningproduksjon kan det gjevast erstatning ved

  • avlingssvikt
  • vinterskadar på eng
  • svikt i honningproduksjonen

Erstatningsordningane har som føremål å redusere økonomisk tap som det ikkje er mogleg å sikre seg mot.

Det er eit kriterium at du ikkje får dekt tapet gjennom ei vanleg forsikringsordning eller på annan måte. For skadar i plante- og honningproduksjon er det i tillegg eit vilkår at du gjev melding til kommunen så snart som råd når det er grunn til å tru at du vil få eit tap.

Kommunen skal uttale seg om søknaden før saka blir sendt til Fylkesmannen, som avgjer saka.

Erstatning ved skadar i plante- og honningproduksjon:

  • ved avlingssvikt, 31. oktober det året skaden har oppstått
  • ved vinterskade på eng, 15. juli det året skaden har oppstått
  • ved svikt i honningproduksjon, 31. oktober det året skaden har oppstått

Erstatning ved katastrofetap er tre månader etter at skaden blei oppdaga eller burde vore oppdaga. For katastrofetap av sau på beite er søknadsfristen sett til 31. desember det året tapet har oppstått.

Forskrift om erstatning for tap av sau på beite

Forskrift om satser for og beregning av erstatning og tilskudd ved klimabetingede skader i plante- og honningproduksjon

Sist endra 08.05.2014

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 65
Bunnhjørne