Matrikkel - retting

Du kan krevje å få retta, endra eller føyd til opplysningar i matrikkelen (det offisielle eigedomsregisteret). Dette er aktuelt dersom opplysningane er feile eller ufullstendige eller grunnlaget for registreringa er falle bort.  Stammar feilen frå andre register, som til dømes grunnboka eller folkeregisteret, skal kravet sendast vidare dit. Opplysningar om grenser som er fastsette i oppmålingsforretning (eller tilsvarande), kan berre rettast med grunnlag i ny oppmålingsforretning.

Du må dokumentere grunnlaget for kravet ditt om retting av opplysningar i matrikkelen. Dersom rettinga òg gjeld nabo, rettshavar eller andre partar, må du leggje ved dokumentasjon for at dei samtykker i kravet om retting.

Kommunen vil vurdere om det ligg føre ein feil og om du har tilstrekkeleg dokumentasjon for kravet ditt. Kravet til dokumentasjon vil avhenge av kva slags opplysningar det dreiar seg om og korleis opplysningane er henta inn opprinneleg. I mange tilfelle vil retting i matrikkelen vere ei rein administrativ oppgåve utan at det blir gjort noko vedtak. Dersom endringa har noko å seie for andre partar, skal dei bli underretta.

Matrikkellova

Sist endra 08.05.2014

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 47
Tittel :
Kart/oppmåling
Bunnhjørne
Teneste (1)
Hovudside (2)