Oppmålingsforretning skal mellom anna haldast dersom du skal:
• dele ei matrikkeleining
• feste del av ei matrikkeleining for meir enn ti år
• registrere ny matrikkeleining eller festegrunn
• overføre areal frå ei matrikkeleining til ei anna
I forretning som gjeld oppretting av ny matrikkeleining eller arealoverføring, skal dei nye grensene merkjast i marka i samsvar med kommunalt løyve etter plan- og bygningslova.