Slam og septiktankar

Private septiktankar som er tilknytt bustader og som er registrert hos Norddal kommune skal tømast kvart 2. år. Fritidsbygg vert tømt kvart 4.år. Tøming er obligatorisk.

Det er muleg å bestille oftare tøming. Ta då kontakt med Septik24 på tlf. 57 87 46 66.

Ved tøming skal tankane vere gravd fram og klargjort før tømebil kjem. Hinder i adkomst skal vere fjerna. Septiktankar som kan vere vanskeleg å finne, skal merkast. Dersom tømaren kjem til ein tank som ikkje er klargjort/merka for tøming eller blir nekta å utføre den, blir det likevel krevd gebyr.

Slamtømar leverer kvittering om utført tøming umiddelbart etter tøming. Det er huseigar sitt ansvar å kontrollere at tøming er gjennomført. Klagar / reklamasjon må meldast Norddal kommune innan 3 veker etter utføring for at klage skal bli vurdert.

Lurer du på når du skal ha neste tøming? Sjekk Septik24 sine sider. Går du inn på abonnementdatabase opp til høgre på sida kan du søkje fram ditt gards- og bruksnummer. Då får du fram når det var tøming sist, og når neste tøming vil skje.

Sist endra 15.11.2013

Kontakt

Telefon :
70 25 88 54
Bunnhjørne
Hovudside (2)
Artikkel (1)