Privatøkonomi


NAV Storfjorden gjev økonomisk rådgjeving til dei som har betalingsvanskar eller gjeldsproblem. Rådgjevinga kan vere frå å hjelpe med å setje opp realistiske budsjett til å bistå deg i gjeldssaker overfor kreditorar.

Timebestilling hjå NAV
Ønskjer du bistand til å styre din eigen økonomi eller dersom du har gjeldsproblem, kan du tinge time hjå gjeldsrådgjevar på NAV Storfjorden. Dette tilbodet er gratis.

Gratis 800-nummer
På det landsdekkande telefonnummeret 800 45353 (kvardagar 9-15) kan alle få økonomisk rådgjeving. Tenesta er gratis og du kan gjerne ringe anonymt om du ønskjer det.

Publisert av Aud Lindis Ødegaard. Første gong publisert 13.03.2012