Helse- og omsorgsministeren lanserer ny helseportal

E-helse er eit viktig satsingsområde for regjeringa. Gjennom helsenorge.no tek ein i bruk ny teknologi til å gje folk betre hjelp og betre helsetenester, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen

Publisert av Aud Lindis Ødegaard. Sist endra 16.06.2011

Helsenorge.no vil innehalde vegvisarar til helse og sunnheit, helserelaterte rettigheiter og helsetenesta og informasjon om sjukdom og handsaming.

Helsenorge.no skal informere om kva som bidreg til helse, som ttil dømes kosthald og fysisk aktivitet - og ta opp tema som til dømes graviditet og psykisk helse. Nettstaden har og ei oversikt over dei ulike helsetenestene.

Helse- og omsorgsministeret understrekar at ikkje alt er på plass frå dag ein, portalen skal byggjast ut gradvis med fleire tenester. Eit viktig mål er og å styrke brukarmedverknaden i helsetenesta.

Lenke til helsenorge.no

Hovudside (2)