Helsestasjon

Kommunen har to helsesøstre, fordelt på 1,5 årsverk. Helsestasjonen er ei lovpålagd teneste. Vi arbeider med helsefremmande og førebyggande tiltak for barn og ungdom 0 - 20 år. I tillegg har vi treffetid på skulane. Helsesøster samarbeider med jordmor om gravide som går til kontroll ved helsestasjonen. Dessutan samarbeider vi med fastlegane i kommunen.

Hovudkontoret vårt er på Storfjord Helsesenter i Valldal. Ein dag i veka har vi helsestasjon i Eidsdal, i underetasjen på omsorgsbustaden. I tillegg har vi treffetid på skulane. Vi er kvar veke på ungdomsskulane, og ein gong i månaden på barneskulane. Vi har også samarbeid med dei ulike barnehagane i kommunen.

Det er Monika Stavseng og Synnøve Olsen Hareide som er helsesøstre.

Kontaktinformasjon

Opningstid i Valldal: Måndag - Fredag kl. 08.00 - 16.00
Telefonnummer: 70 25 89 12 / Mobil: 47 81 41 54
Opningstid i Eidsdal: Tysdag kl. 10.15 - 14.30 (varierer etter behov)
Telefonnummer: 70 25 71 69
Sist endra 15.11.2013

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 89 12
Tittel :
Helsesøster
Bunnhjørne
Hovudside (2)