Legevakt

Norddal kommune har gått inn i avtalar med andre kommunar om felles legevakt.
 

På kveldstid i tida 15.30 - 22.00, er det felles legevaktkontor på Sjøholt saman med tre andre kommunar. Laurdagar, søndagar og heilagdagar er det legevakt her kl 08.00 - 22.00.

Kontorstaden er i underetasjen av Ørskog sjukeheim.

 

På natt i tida 22.00 - 08.00 er det stort legevaktdistrikt med legevaktkontor på Åse i Ålesund.

Besøksadressa er Åsehaugen 5.

 

På yrkesdagar i tida 08.00 - 15.30 er legevakta å finne ved legekontoret i Valldal som før.

 

Telefonnummer til kommunal legevaktsentral er: 116 117



 

  • Bruk legevakta rett

    Ring legevakta ved akutte og alvorlege sjukdommar og skader utanom kontortid.
    Ring legevakta når du meiner sjukdom/skade ikkje kan vente til behandling hos fastlege neste dag.
    Ring legevakta om du er i tvil.

    Eksempel på tilstandar som kan vente til neste kvardag:

    Feber hos barn der allmenntilstand er god (ring legevakta om du er i tvil)
    Hoste, vondt i halsen, forkjøling som ikkje følgjer med høg feber.
    Uforandra sjukdomstilstand med god allmenntilstand som har vedvart i fleire dagar.

    Eksempel på tilstandar som IKKJE skal på legevakta:

    Sjukmeldingar der behandling ikkje er påkrevd.
    Fornying av reseptar( unntatt livsviktige medisinar).
    Kontroll av kroniske sjukdommar.
    Lege- og helseattestar.

    Ambulansetenesta:

    Det er lokalisert ei ambulanse i Valldal. Den er heile tida bemanna med to ambulansepersonell. Dessutan er det ei ambulanse i Geiranger i forbindelse med vakta.
Sist endra 14.01.2016
Hovudside (2)