Sjukeheim - avlastningsopphald

Personar som har omsorgsoppgåver heime, kan søkje om avlastingsopphald på sjukeheim. Den hjelpetrengande sjølv - som også kan søkje - får eit tidsavgrensa opphald i institusjon.

Personen som får avlasting, må ha eit særleg tyngjande omsorgsarbeid i heimen. Moment som ein kan ta omsyn til, er mellom anna om søkjaren arbeider mange timar pr. månad med omsorgsarbeid, og om arbeidet er meir tyngjande enn vanleg.

Kommunen skal hente inn dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Normalt kjem vi på eit heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande sjølv kan klage på avgjerda. Du kan klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket.

Søknadsskjema

Helse- og omsorgstenestelova

Sist endra 09.05.2014

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 89 25
Tittel :
Einingsleiar sjukeavdeling
Bunnhjørne