Sjukeheim - langtidsopphald

Dei som ikkje får dekka sitt daglege behov for pleie og omsorg ved heimebaserte tenester, kan søke om langtidsopphald i institusjon.

Korleis søke om plass?

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om langtidsopphald på sjukeheim. Du har rett til å la næraste pårørande hjelpe deg med søknaden. Andre kan også hjelpe deg, eksempelvis ein nabo. Men du må då gje ei skriftleg fullmakt som du legg ved søknaden.

Bruk søknadsskjema om pleie- og omsorgstenester
Vi treng fullmaktskjema om nokon hjelper deg å fylle ut søknaden

Søknaden vert handsama etter Helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2 6.ledd pkt c jfr Pasient- og brukerrettighetsloven §2-1 a.

Kartlegging av behov

Før saka kan avgjerast, vil vi gjere ei grundig kartlegging av ønske, behov og ressursar. Ved tildeling av plass må hjelpebehovet du har, gå fram av vedtaket. Eit avslag skal vere grunngjeve.

Behandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Klageadgang

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter Helse-og omsorgstjensteloven klage over dette til kommunen og deretter til Fylkesmanne i fylket. Du kan klage på vedtaket innan ein frist på fire veker frå du mottok vedtaket.

I klagen må du greie ut om kva forhold det er du klagar over. Du bør skildre kva du ønskjer endra, og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klagen blir send den instansen i kommunen som har behandla saka. Du kan kontakte avdokat etter Retthjelpslova.
Dersom kommunen held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Fylkesmannen i fylket.
Sist endra 15.11.2013

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 89 25
Tittel :
Einingsleiar sjukeavdeling
Bunnhjørne