Tekniske hjelpemiddel - utlån

Kommunen si helseteneste skal omfatte mellom anna medisinsk habilitering og rehabilitering. Formidling av tekniske hjelpemiddel for å betre dagleg funksjonsevne inngår i denne tenesta.

Tekniske hjelpemiddel

Tekniske hjelpemiddel er ein gjenstand eller eit tiltak som kan vere med på å redusere praktiske problem i kvardagen. Formålet med tekniske hjelpemiddel er å betre funksjonsevna til den enkelte, samt å auke evna til sjølvhjelp og å lette pleie i heimen. Ansvaret for tekniske hjelpemiddel er delt mellom kommunen og NAV Hjelpemiddelsentral.
 

Korttidsutlån

Kommunen har ansvar for utlån av tekniske hjelpemiddel der behovet er av kortvarig karakter, det vil seie under 2 år. Utlånet skjer frå det kommunale lageret for tekniske hjelpemiddel. Dette lageret inneheld alminneleg utstyr som til dømes toalettforhøgarar og gårullatorar.

Korttidsutlån av tekniske hjelpemiddel vert administrert av open omsorg, og dei kan kontaktast på telefon 70 25 89 63.
 

Varig utlån

NAV Hjelpemiddelsentral har det overordna ansvaret for varig utlån av tekniske hjelpemiddel, det vil seie når behovet for utlån er over 2 år. Varig utlån av tekniske hjelpemiddel må søkast om til NAV Hjelpemiddelsentral på eigne skjema. Norddal kommune har ergoterapeut som kan bistå med dette. Kommunen har også ansvar for utlevering og oppfølging av tekniske hjelpemiddel som er utlånt frå NAV Hjelpemiddelsentral.

Ved varig behov for hjelpemiddel eller andre spørsmål, kontakt ergoterapeut Tina Fuglem på tlf. 971 59 268.

Sist endra 03.09.2015

Kontakt

Telefon :
971 59 268
Tittel :
Ergoterapeut
Bunnhjørne
Teneste (2)