Tuberkuloseundersøking

Kjem du frå eit land der tuberkulose er utbreidd, har du plikt til å gjennomgå ei tuberkuloseundersøking. Tuberkuloseundersøkinga består av ein tuberkulintest (hudprøve), røntgenfotografering av lungene og eventuelt ei blodprøve.

Tuberkulose er ein infeksjon som kan ramme ei rekkje organ. Den viktigaste forma er lungetuberkulose. Denne kan vere livstruande utan behandling. Undersøkinga utgjer ein del av kommunen sitt program for å førebyggje og kjempe mot tuberkulose.

En person med tuberkulose har plikt til å rette seg etter legen sine tilvisingar og om nødvendig la seg isolere for å motverke at sjukdommen blir spreidd til andre.

Desse personane har plikt til å gjennomgå tuberkuloseundersøkinga, jf. kapittel 3 i tuberkuloseforskrifta:

  • Personar som skal opphalde seg meir enn tre månader Noreg, som må ha opphaldsløyve, registreringsbevis eller opphaldskort og som kjem frå land der tuberkulose er utbreidd 
  • Flyktningar og asylsøkjarar som kjem frå land med høg førekomst av tuberkulose
  • Personar som skal arbeide i helse- og sosialtenesta, som lærarar eller i andre stillingar der dei har kontakt med born, og som i løpet av dei seinaste tre åra har kome frå eller har opphalde seg minst tre månader i land der tuberkulose er utbreidd.

Tuberkuloseundersøkinga er gratis. Det gjeld òg transportutgifter.

Flyktningar og asylsøkjarar skal undersøkast innan fjorten dagar etter innreise. Personar som skal tiltre ei stilling, skal undersøkast med lungerøntgen før tiltredinga. Hudprøve og oppfølging av denne kan skje seinare.

Forskrift om tuberkulosekontroll

Sist endra 08.05.2014
Hovudside (2)