Pasientrettar

I Noreg vert pasientane sine rettar teke vare på gjennom Pasientrettslova. Formålet med lova er å sikre at alle skal ha lik tilgong på helsehjelp av god kvalitet. Lova tek omsyn til blant anna rett til medverknad og informasjon, barn sine rettar, journalinnsyn og eventuelle klager.

Pasientombodet kan gje informasjon og hjelp både til pasientar og pårørande.

I Møre og Romsdal er pasientombodet lokalisert i Kristiansund, Astrups gate 9:
•Tlf. 715 70 900
•E-post: mr@pasientogbrukerombudet.no

Norsk pasientskadeerstatning er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Dei behandlar erstatningskrav gratis, for pasientar som er blitt påført skade av helsevesenet. Norsk pasientskadeerstatning, Postboks 3 St. Olavs plass, 0130 Oslo. Tlf. 22 99 45 00. E-post: npepost@npe.no

Helsetilsynet er klageinstans om ikkje klagen fører fram lokalt. Helsetilsynet/fylkeslegen ligg administrativt under Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Publisert av Aud Lindis Ødegaard. Sist endra 20.03.2012