Psykisk helse

Psykisk helse er noko alle har, og dei tenkar kanskje ikkje over det i kvardagen. Den er stille og forstyrrar ikkje. Psykisk helse kan såleis vera ein missledande ordbruk, fordi det er når ein kjenner på den psykiske ”uhelsa” at ein kan trengje nokon å prate med. At ein kan kjenna saknet etter si psykiske helse.

Publisert av Aud Lindis Ødegaard. Sist endra 08.05.2014

Psykisk ”uhelse” er ein subjektiv oppleving i den forstand at individet sjølv kjennar på tankar og kjensler som er vonde eller vanskeleg. På ei anna side kan den i enkelte tilfelle sjåast objektivt ved at ein merkar at oppførsel, kroppshaldning, ansiktsutrykk o.l. til nokon ein kjennar endrar seg og ein vert bekymra.

Psykisk helsearbeid i kommunen
Psykisk helsearbeid i kommunane er tiltak retta inn mot menneskjer med psykiske lidingar og konsekvensar av lidingane hos den enkelte, deira familie og nettverk. Psykisk helsearbeid er både eit kunnskaps- og eit praksisfelt, og det omfattar også arbeid på systemnivå som førebygging av psykiske lidingar, opplysningsarbeid og anna arbeid for å motverke stigmatisering og diskriminering.

Målsettinga med psykisk helsearbeid i kommunane er å bidra til å fremje sjølvstende, tilhøyring og styrka evna til meistring av eiga liv for menneskjer med psykiske lidingar.

Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver kan vera samtale, støttespelar, informasjon, rettleiing, tilrettelegging for tilbakeflytting til kommunen, vidareformidling av kontakt til andre aktuelle hjelpe instansar eller anna aktuell bistand som psykisk helsearbeidar kan formidle. Om oppfølginga blir langsiktig eller kortvarig varierer ut i frå den enkeltes behov.


Omsorgsberedskapsgruppa
Omsorgsberedskapsgruppa omhandlar hjelp i ein krisesituasjon. Gruppa er tverrfaglig samansatt av fagpersonell som kan vera aktuelle å tilkalla viss ein krisesituasjon oppstår, og ein har behov for ekstra ressursar som kan bidra med emosjonell førstehjelp, støtte og gi praktisk bistand.

I Norddal kommune treng ein ikkje henvisning for å komme i kontakt med psykisk helseteneste. Enten det gjeld deg sjølv eller du er pårørande kan du ta kontakt. Psykisk helsearbeidar har teieplikt.

Telefon 70 25 88 94
Mobil 94 16 51 40

Ein kan også ta kontakt via e-post til vily@norddal.kommune.no

Kontoret er lokalisert på Storfjord Helsesenter i Valldal.

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 94
Tittel :
Psykiatrisk sjukepleiar
Bunnhjørne
Hovudside (1)