Skulestart

Utgangspunktet er at born startar i grunnskulen det kalenderåret dei fyller seks år. Du kan søkje om utsett eller tidlegare skolestart for barnet ditt. Utsett skulestart tyder at barnet startar i skulen det kalenderåret det fyller sju år. Tidlegare skulestart tyder at barnet startar på skulen det kalenderåret barnet fyller fem år.

Skulen/kommunen vil sende brev til føresette med born som er i skulepliktig alder. I brevet blir det opplyst om kor de skal møte og til kva tidspunkt.

Eleven har rett til utsett skulestart dersom det etter sakkunnig vurdering frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) er tvil om barnet har komme langt nok i utviklinga si til å starte på skulen. For å få tidlegare skulestart må barnet fylle fem år innan 1. april. Det må liggje føre ei sakkyndig vurdering frå PPT.

Sist endra 08.05.2014

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 38
Tittel :
Kommunalsjef oppvekst og kultur
Bunnhjørne
Artikkel (1)