Spesialundervisning for vaksne på grunnskuleområdet

Personar som ikkje kan få eit tilfredsstillande utbyte av det vanlege, tilpassa opplæringstilbodet for vaksne på grunnskuleområdet, har rett til spesialundervisning.

Det kan til dømes gjelde vaksne som

  • er eller har vore sjuke eller skadde
  • har særleg behov for å meistre daglege gjeremål
  • treng grunnleggjande kommunikasjonsdugleik
  • grunnleggjande lese- og skriveopplæring 
  • motorisk trening

Kommunen gjer eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar. Opplæringa og undervisningsmateriellet er gratis.

Sist endra 08.05.2014

Kontakt

Telefon :
70 25 85 10
Tittel :
Rektor Valldal skule
Bunnhjørne