Spesialundervisning

Om du ikkje kan få eit tilfredsstillande utbytte av den vanlege undervisninga, har du rett til spesialundervisning. Spesialundervisninga skal ha eit slikt innhald at det samla tilbodet gjev deg eit forsvarleg utbytte av opplæringa. Du skal ha det samme totale undervisningstimetalet som gjeld for andre elevar.

Før kommunen gjer vedtak om spesialundervisning, skal Pedagogisk-psykologisk teneste vurdere kva for spesielle behov du har og kva for opplæringstilbod du eventuelt bør få.

Før PP-tjenesten gjer ei sakkunnig vurdering og kommunen gjer vedtak, skal det innhentast samtykke frå deg eller foreldra dine. Du eller foreldra dine har rett til å sjå den sakkunnige vurderinga og til å uttale dykk før det blir gjort vedtak. Et positivt vedtak skal spesifisere omfanget, innhaldet og organiseringa av spesialundervisninga.

Opplæringslova § 5 - Spesialundervisning

Sist endra 08.05.2014

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 38
Tittel :
Kommunalsjef oppvekst og kultur
Bunnhjørne
Artikkel (1)