Beredskap

Innsatsmannskap i djup konsentrasjon. - Klikk for stort bilete

Ei krise kan definerast som ei ulykke eller anna hending som går ut over det ein reknar som normal belastning, og som krev akutt handling. Det vil vere ein situasjon der kommunen ikkje vil vere is tand til å handtere situasjonen med ordinær organisering, og ordinære fullmakter. Då vil beredskapsapparatet bli kopla inn.

Publisert av Aud Ødegaard. Sist endra 19.08.2016

Kommunal kriseplan
Kommunen har lagt ned ein god del arbeid med å utarbeide ulike beredskapsplanar.

I ein krisesituasjon vil kommunen kunne utnytte eigen organisasjon, og dra vekslar på kompetanse og ressursar som finst. Det er også lagt til rette for samarbeid med andre som Heimevern, Politi og Røde Kors.

Kommunen si kriseleiing består av rådmann Tor Helge Stavdal, ordførar Arne Sandnes, rådgjevar Helge Svensvik, FDV-leiar Yngve Hovden, beredskapsansvarleg Aud Lindis Ødegaard, brannsjef Lars Kjell Smoge, politi Jon Tommy Flo, kommunelege Martin Unger og heimevernet v/Per Jomar Nerli .

Servicetorget fungerer som sekretariat og stab for kriseleiinga.

Informasjon under krise
Informasjon knytt til skadestad, skadde, pårørande og andre involverte er politiet sitt ansvar. Generell informasjon frå Norddal kommune vil bli gitt via ordinære kanalar som internett og sentralbordteneste.

Kommunen har utarbeidd eigen informasjonsplan, og i ein krisesituasjon vil denne tre i kraft.

Informasjonstenesta skal kontinuerleg bidra med informasjon og rådgjeving til og frå krisestaben. Det betyr at dei skal halde kontakt med media, initiere pressekonferansar, sende ut pressemeldingar m.v.

Døgnkontinuerleg vakt for varsling
Har nokon akutt behov for å kome i kontakt med kommunen kan ein ringe FDV sin vakttelefon 468 88 598. Er det akutte situasjonar skal naudtelefonane nyttast.

Regjeringa har oppretta ei eiga nettside - www.kriseinfo.no der aktuell informasjon skal samlast under større hendingar. Lokal vil kommunen si heimeside bli nytta som viktig informasjonskanal.

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 33
Bunnhjørne
Teneste (1)
Hovudside (1)