Beredskap og framtidige uønska hendingar

Orkan | Fotograf: Tafjord Kraftnett AS
Orkanen Dagmar fotograf Tafjord Kraftnett AS

Orkanen Dagmar ramma Norddal med tele- og straumutfall som gjorde at kommunikasjon og informasjonsformidling vart ei utfordring. Ein tek no grep for at dette skal fungere betre neste gong ein liknande situasjon oppstår.

Publisert av Aud Lindis Ødegaard. Sist endra 19.06.2012
  • Forsvinn straumen over lengre tid, vil omsorgsbustaden i Eidsdal og Valldal sjukeheim fungere som sentralar der folk kan få informasjon og hjelp.

  • Aggregatbehov ved alle kommunale bygg skal kartleggast, og det skal tilretteleggast for mottak av aggregat.

  • Behov for drivstoffreserve skal kartleggast.

  • Det skal kartleggast kva kommunale bygg som har analoge linjer, og det skal på plass på dei stadane ein vurderer det som fornuftig men som manglar i dag.

  • Det blir kjøpt inn nokre ekstra satelittelefonar til bruk i krisesituasjonar.

  • Det skal på plass ein del rutinar som klargjer korleis ein skal handtere slike situasjonar. 

Det er viktig at alle, både husstandar og næringsdrivande, tenkjer gjennom sin situasjon og om ein er robust nok til å takle straumutfall. Har ein lommelykter, batteri, stearinlys, alternativ oppvarming, kokemulegheiter m.v?

Har de innspel, så kan dei formidlast til servicetorget, tlf. 70 25 88 00.

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 33
Bunnhjørne
Teneste (1)
Hovudside (1)