Religion, livsyn og etikk - melding om delvis fritak

Elevar skal etter skriftleg melding frå foreldra / dei føresette få fritak frå dei delane av undervisninga som foreldra / dei føresette eller eleven ut frå eigen religion eller eige livssyn opplever som utøving av ein annan religion eller tilslutnad til eit anna livssyn, eller som dei opplever som støytande eller krenkjande.

Skulen skal leggje til rette for at eleven får anna undervisning innanfor læreplanen. Det vil seie at eleven skal få den same kunnskapen som dei andre elevane, men på ein annan måte. Elevar som har fylt 15 år, gjev sjølve skriftleg melding. Fritaksretten gjeld alle skulefag. Skulen skal kvart år informere elevane og foreldra / dei føresette om reglane for fritak og om innhaldet i opplæringa.

Religion, livssyn og etikk er eit ordinært skulefag som normalt skal samle alle elevar. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande. Skulen skal vise respekt for elevane og foreldra / dei føresette sine religiøse og filosofiske overtydingar og sikre retten til likeverdig opplæring. Likevel kan det oppstå situasjonar som nokre foreldre/føresette eller elevar opplever som problematiske.

Dersom skulen ikkje godtek fritaksmeldinga, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga sendast dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

Sist endra 09.05.2014

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 38
Tittel :
Kommunalsjef oppvekst og kultur
Bunnhjørne
Artikkel (1)