Samfunnet vårt endrar seg raskt. For å kunne styre utviklinga slik kommunen ynskjer er det viktig å ha gode hjelpemiddel i planlegginga. Rikspolitiske bestemmelsar, fylkesplanar og kommunale vedtak er grunnsteinar i ein kontinuerleg prosess om samfunnsplanlegging.
Alle kommunar skal gjennomføre planlegging med sikte på å samordne den fysiske -, sosiale -, økonomiske - , estetiske - og kulturelle utviklinga i kommunen. Planlegginga skal ha ein langsiktig og ein kortsiktig del
Den langsiktige delen handlar om mål for utviklinga i kommunen, retningsliner for sektorane i kommunen og ein arealdel som syner arealbruken i kommunen
Den kortsiktige delen handlar om den kommunale aktiviteten dei næraste åra.
Kommuneplanen skal rullerast minst ein gang i kvar valperiode.
Plan -og bygningslova er den sentrale lova for offentlig styring av det fysiske miljøet i kommunen.
Ved hjelp av offentlege -og private reguleringsplanar, samt meir detaljerte utbyggingsplanar bestemmer kommunen korleis areal skal nyttast. I planprosessen vert det lagt vekt på innsyn og medverknad frå innbyggjarane i kommunen.
Under "offentlege høyringar" finn du kva som ligg ute til offentleg ettersyn.
Arealplanar og reguleringsplanar som er digitalisert finn du her.
Sist endra20.03.2012 15.40