Nabovarsel

Nabovarsel til naboar og gjenbuarar må leverast i høve fleire ulike type søknader som til dømes bygging, deling, grensejustering og dispensasjon.

Det er to skjema som gjeld nabovarsel:
Nabovarsel, skal sendast eller leverast til naboen
Gjenpart av nabovarsel, skal leggast ved saka inn til kommunen
 

Merknadsfrist

Skjema Nabovarsel er ei kvittering til nabo om at han er varsla og når han eventuelt må kome med merknad til tiltaket. Det er 14 dagar merknadsfrist frå naboen mottek nabovarselet.

Gjenpart av nabovarsel viser kven som er varsla i den aktuelle saka. Gjenparten skal leggast ved søknaden inn til kommunen.
 

Naboliste gjennom Infoland

Byggefirma kan tinge naboliste gjennom Infoland.

Sist endra 07.08.2015

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 43
Tittel :
Avd. ingeniør
Bunnhjørne