Val til kommunestyret og fylkestinget

Ved å røyste er du med på å bestemme kva for parti og personar som skal avgjere saker som har påverknad på kvardagen din.

Alle veljarane får tilsendt valkort frå kommunen. På valkortet finn du informasjon om opningstid og kva for vallokale du skal bruke på valdagen. Du treng ikkje valkortet for å røyste, men det går raskare dersom du tar det med. Ta kontakt med kommunen dersom du har spørsmål om valkortet.

Vallova seier at ein veljar som er ukjend for røystemottakaren, skal legitimere seg. Ta derfor med legitimasjon når du skal røyste. Det er ikkje nok å opplyse om namn og fødselsdato.

Dersom du bur i utlandet, men har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg nokon gong i løpet av dei siste ti åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du var registrert som busett da du flytta frå Noreg.

Valstyret tar valoppgjer for kommunestyrevalet/fylkestingsvalet. Først finn valstyret ut kor mange representantar partiet eller gruppa får i kommunestyret/fylkestinget. Deretter tel ein opp røystesetlane og registrerer personrøystene for å finne ut kva for kandidatar som bli valde.

Desse har røysterett:
 

Norske statsborgarar som

  • vil ha fylt 18 år innan utgangen av valåret og som
  • er, eller nokon gong har vore, folkeregisterførte som busett i Noreg, og som
  • ikkje har mista røysteretten etter Grunnloven § 53

 

Ikkje-norske statsborgarar som oppfyller dei andre krava, dersom dei

  • har stått innført i folkeregisteret som busett i Noreg dei tre siste åra før valdagen, eller
  • er statsborgar i eit anna nordisk land og er blitt folkeregisterført som busett i Noreg seinast 30. juni i valåret.

Vallova

Sist endra 09.05.2014

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 20
Tittel :
Konsulent
Bunnhjørne
Hovudside (1)