Vallister

Alle politiske parti som er registrert i Partiregisteret per 2. januar i valåret (altså 02.01.11) kan stille liste til kommunestyrevalget. Dette gjeld dei partia som fekk minst 500 stemmer i eitt fylke eller minst 5000 stemmer i heile landet ved siste kommunestyreval (2007).

Publisert av Aud Lindis Ødegaard. Sist endra 05.05.2011

To eller fleire parti kan dessutan gå saman om å danne ei felles valliste. Desse partia kan då ikkje stille med eiga liste for det same valet.

Det er sendt ut informasjon til kommunestyregruppene:
Informasjon vedk. vallister
Skjema forslag til valliste
Skjema tillitsvald til valliste
Skjema vedlegg til listeforslag

Andre enn politiske parti kan også stille liste. Lista må då få eit namn som ikkje kan forvekslast med eit partinavn som er registrert i Partiregisteret, eller namn på ei fellesliste for politiske parti. Vilkåret for at uregistrerte grupper kan stille liste er at lista med kandidatnamn er underskriven av minst 2 prosent av dei som har stemmerett i kommunen.

Kontakt politisk sekretariat v/Bente Osvik, tlf. 70 25 88 20 om dette er aktuelt.

Kven kan vere kandidat på listeforslaget?
Det kan alle som har stemmerett i kommunen. Ved val til kommunestyret gjeld dette alle som vil ha fylt 18 år innen utgangen av valåret (i 2011 blir dette alle som er født i 1995 eller tidligere), og som er registrert i folkeregistret med bustadadresse i kommunen.

Ved kommunestyreval treng du ikkje vere norsk statsborgar for å ha stemmerett og stille til val. Statsborgarar utanfor Norden må ha vore registrert i folkeregisteret som busett i Norge samanhengande dei siste tre år før valdagen. For nordiske statsborgarar er det tilstekkeleg at dei er registrert som busett her i landet før 30. juni i valåret.

Kan eg nekte å bli ført opp på ei valliste?
Nei, eigentleg ikkje. Alle med stemmerett i kommunen har plikt til å ta imot val til kommunestyret.

Det er likevel nokre unntak frå denne plikta. Har du vore medlem av kommunestyret dei siste fire åra kan du seie nei. Du kan også seie nei om du er medlem av eit registrert politisk parti, og du blir ført opp på ei liste for eit anna parti. Du kan også vere i ein situasjon i livet som gjer det vanskeleg for deg å utøve vervet som folkevalt. Då kan du søkje om å få sleppe. Valstyret i kommunen avgjer dette for kommunestyrevalet, og fylkeskommunen for fylkestingsvalet.

Personar som er tilsett i eller oppnemnt til nokre få nærare bestemte offentlege stillingar kan ikkje førast opp på vallliste.

Må listene godkjennast?
Ja. Forslag til vallliste med oversikt over kandidatane må leverast til den kommunen eller det fylket valet gjeld for. Kommunen eller fylkeskommunen må fysisk ha motteke forslaget innan utgangen av 31. mars i valåret. Valstyra tek stilling til om listeforslaget oppfyller krava i vallova og valforskrifta. Med utgangspunkt i dette må valstyret før 1. juni i valåret avgjere om forslaget kan bli godkjent eller må bli forkasta.

Listeforslag
Listeforslag som kommunen mottek skal gjerast kjent for allmennta etter kvart som dei blir mottekne og blir lagt ut her.

Godkjende listeforslag
Godkjende listeforslag blir også lagt ut her i tillegg til at dei blir annonsert. Valllistene blir trykt opp til bruk som stemmesetlar.

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 00
Bunnhjørne
Hovudside (1)