Bli med til Korsneslia!

Vekas tur til Muldalsfossen26.5.16.jpg - Klikk for stort bilete Torsdag 9. juni går turen til fjordgarden Korsnes og setra Korsnelia på sørsida av Tafjorden. For å organisere båtskyss trengs det påmelding til turen.

Flyene - Klikk for stort bilete

Denne torsdagen går vekas tur til den nedlagte fjordgarden og setra på Korsnes. Råsa startar i støa og tek oss etterkvart opp til den nedlagte garden Korsnes som ligg om lag 200 moh. Her kan det vere høgt gras, så om det er vått ver så er det lurt med gode turkle og fottøy. Garden Korsnes blei fråflytta midt på 1900-talet og husa står no til forfall.

 

Vidare går turen bratt, men på god rås oppover mot setra som ligg 400 moh. Undervegs har vi utsyn ned på Tafjorden og over til Heggura som ligg på motsett side av fjorden.

 

Setra ligg på ei lita flate i fjellsida, ein fin, liten støl med ein fjøs og eit velstelt sel. Her tek vi oss tid til ein god rast med både mat og prat før turen går ned att. Det er ingen hast for vi er på tur og tek oss den tida vi treng, slik at alle deltakarane skal ha glede av turen.

 

Oppmøte ved ytste enden av lengste Tafjordtunellen (Fjørå) kl 1700.
NB! Påmelding til båtskyss (eigenandel) til turleiar Mette Marie Døving (tlf 91819187) helst kvelden før, seinast same dag kl 1200. Påmelding trengst for å organisere skyss, og ein eller to båtar går att og fram over fjorden etter behov.

 

Turen tek 3-4 timar med båtskyss. Ferje frå Eidsdal kl 1620/1640. Ta gjerne med eigen redningsvest.

 

Vel møtt på tur!

 

Måndag 13. juni kl 1800 er du invitert til ein fin rundtur i øvre Valldal; Alstad - Grønning. Oppmøte ved Gudbrandsjuvet.

 

Sist endra 08.06.2016