Støttekontakt

Du kan søkje om å få støttekontakt dersom du treng hjelp til å få ei aktiv fritid eller komme ut av eit isolert tilvære. Støttekontakten får godtgjering frå kommunen. De møtast heime eller går på kafé, kino eller gjer andre aktivitetar saman. Det er dine interesser og behov som avgjer. Tenesta kan gjevast individuelt eller i gruppe.

Kommunen vil i samarbeid med deg avgjere om du skal få støttekontakt eller eventuelt andre tenester. Det er ditt eller familien sitt behov som er avgjerande. Det kan vere personar og familiar som har behov for støttekontakt på grunn av funksjonshemming, alder eller sosiale problem. Tenesta er gratis.

Søknad om støttekontakt skal sendast til Norddal kommune, pleie- og omsorgstenesta.

Søknaden vert handsama etter Lov om helse- og omsorgstjenestene § 3-2 6.ledd pkt b, jfr Pasient-og brukerrettighetsloven § 2-1 a

Sist endra 09.05.2014
Artikkel (1)