Fellingsløyve

Retten til å jakte tilhøyrer i utgangspunktet grunneigaren. Fellingsløyve for elg, hjort, rådyr, villrein og bever blir tildelt godkjente vald (det geografiske området der jakta skal vere) utan årleg søknad.

Fellingsløyve skal vere sendt ut frå Norddal kommune innan 15. juni kvart år.

Det må liggje føre ei godkjenning av vald for elg, hjort, rådyr eller villrein for å få fellingsløyve. Kommunen/villreinnemnda fastset minstearealet som er det arealet som grunneigaren må disponere for å få fellingsløyve for eitt dyr.

Godkjente vald treng ikkje å søkje om fellingsløyve. Kommunen (eller villreinnemnda) skriv ut eit årleg fellingsløyve og sender det til den valdansvarlege representanten. Finst det ein godkjend bestandsplan, blir alle fellingsløyva skrivne ut første året for heile bestandsplanperioden. Dette gjeld ikkje for villrein, der fellingsløyvet i alle høve blir skrive ut for kvart jaktår.

Viltlova

Sist endra 09.05.2014

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 65
Bunnhjørne