Jegerprøven

Vil du jakte eller drive fangst, må du først ta jegerprøven. Det obligatoriske jegerprøvekurset går over 30 timar og er lagt opp med både teori og praksis. Etter at kurset er gjennomført, må du ta ein teoretisk eksamen som blir halden av kommunen. Kommunen organiserer eksamen, og syter for at dei som har greidd prøva vert registrerte i Jegerregisteret.

Jegerprøven kan takast av alle som er 14 år eller eldre. Opplæringsjakt på småvilt kan skje frå fylte 14 år til fylte 16 år. (Ein treng ikkje å ha teke jegerprøven.) Opplæringsjakt på storvilt kan skje fra fylte 16 år til fylte 18 år. (Her blir det kravd at ein har klart jegerprøven, og at ein har teke skyteprøven for dei artane som det blir kravd for.)

I Norddal kommune blir jegerprøvekurset arrangert av Valldal Jeger og Fiskeforening.

Kommunen arrangerer skriftleg eksamen. Dette blir kunngjort i lokalavisa. Kursarrangør/lærar har oversikt over eksamensdatoane.

Ta kontakt med Valldal Jeger- og fiskeforening v/ Jan Gunnar Døving, 6210 Valldal.

Direktoratet for naturforvaltning - om jegerprøven

 

Sist endra 09.05.2014

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 65
Bunnhjørne