Spelemidlar til idrettsanlegg

Spelemidlar er ei statleg finansieringsordning for følgjande anlegg: ordinære/nye og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet, nærmiljøanlegg, anlegg for friluftsliv på fjellet og midlar til utstyr. Det skal søkjast elektronisk.

Kommunar, idrettslag og andre samanslutningar kan søkje om spelemidlar til idrettsanlegg. Spelemidlar skal medverke til at ein større del av befolkninga får høve til å drive idrett og fysisk aktivitet.  Det kan søkjast om tilskott til

  • nybygg og rehabilitering av anlegg for organisert idrett
  • rehabilitering av idretts- og friluftsanlegg
  • nærmiljøanlegg (utandørsanlegg for fysiske aktivitetar i tilknyting til buområde)

For å kunne søkje om spelemidlar må prosjektet vere med i delplan for idrett og fysisk aktivitet.

Alle planar må vere førehandsgodkjent før det kan søkjast om spelemidlar, og dette må skje innan 1. oktober kvart år. Godkjenningsinstans for dei fleste prosjekt kommunen v/kulturavdelinga. Ein del større anlegg skal departementet godkjenne. Vert arbeid sett i gang før førehandsgodkjenning er på plass, er det avslagsgrunn.

Søknadsfrist til fylket er 15. januar kvart år. Kommunen godkjenner søknaden før vidaresending til fylket. Det blir gjort vedtak om fordeling i løpet av mai månad.

Idrettsanlegg.no

Anleggsregister

Sist endra 09.05.2014

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 36
Tittel :
Folkehelsekoordinator
Bunnhjørne