Vald - godkjenning

Retten til å jakte tilhøyrer i utgangspunktet grunneigaren. For å få løyve til å felle hjortevilt må valdet (det geografiske området der jakta skal vere) godkjennast. Valdet skal vere samanhengjande og ha ei avgrensing og ei form som gjer det eigna til jakt. Eit vald kan ha ein eller fleire eigedommar.

Kommunen godkjenner vald for jakt på elg, hjort og rådyr. Søknader om godkjenning av vald som omfattar fleire kommunar, skal sendast til den kommunen der det største teljande arealet ligg. Villreinnemnda godkjenner vald for jakt på villrein.

Sist endra 09.05.2014

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 65
Bunnhjørne