Automatisk freda kulturminne - løyve til inngrep

Har du eit kulturminne på eigedommen din og planlegg eit tiltak som kan skade, dekkje til eller skjemme det på annan måte, må du så tidleg som mogleg melde frå til Møre og Romsdal Fylkeskommune. Dette gjeld kulturminne som er automatisk freda, det vil seie kulturminne datert før år 1537. Eksempel på slike kulturminne kan vere gravhaugar, offerplassar, dyregraver og bautasteinar. Kulturminne kan vere på land eller under vatn.

Det kan vere aktuelt med synfaring og registrering av kulturminna. Det er ofte ein fordel å gjere dette når det er frost- og snøfritt. Fylkeskommunen vurderer søknaden og sender tilrådinga si til Riksantikvaren. Riksantikvaren gjer vedtaket sitt, og gjev løyve eller avslag. I vedtaket kan det bli stilt vilkår om arkeologisk utgraving der tiltakshavaren må dekkje kostnadene. Du kan søkje om støtte til dette.

Kulturminnelova

Sist endra 09.05.2014

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 33
Bunnhjørne