Kulturminneregistrering

Olavsvegen i øvre Valldal
Olavsvegen i Øvre Valldal

Norddal kommune er igang med kulturminneregistrering. Vi har fått 100.000 kr frå Riksantikvaren til dette arbeidet. Hovudfokus er i første omgang å få gjort mange registreringar i Kulturminneatlas som er nettbasert.

Publisert av Aud Lindis Ødegaard. Sist endra 11.01.2013

Liv Marit Nystad er tilsett i 20 % stilling fram til 1. mars, og koordinerer dette arbeidet. Ho set på Fjordhagen, og kan treffast på telefon 70 25 88 64, eller epost: liv.nystad@norddal.kommune.no.

Kulturminneatlas finn de mykje informasjon som er registrert til no. I løpet av kort tid skal m.a. alle setrane i kommunen vere registrert her. Dette er eit samarbeid med Valldal Bygdekvinnelag. I tillegg finn de oversikt over alle minnesteinane i kommunen, og mykje meir.

Etter kvart håper vi å få høve til gå gjennom SEFRAK-registreringa (register over eldre bygningar og andre kulturminne) som vart gjort på landsbasis i periosen 1975-1999, og oppdatere denne.

Skulane set på mykje dokumentasjon knytt til elevarbeid, og det blir arbeidd med å samle, gjennomgå og tilpasse ein del stoffet som er relevant for publisering på Kulturminneatlaset. I tillegg er sogelaget og einskildpersonar viktige ressursar i arbeidet.

Vi vil gjerne ha innspel, og fleire engasjerte. Har de objekt eller artiklar de ønskjer å få publisert, så ta kontakt med Liv Marit.