Tilskot til kulturverntiltak

Fotograf: Kristi Linge Stakkestad
fotograf Kristi Linge Stakkestad

Det er mogleg å søkje om midlar til kulturverntiltak frå Riksantikvaren. Verdsarvområdet har ein eigen pott. Søknadsfrist er 1. desember. Tilskotsordninga er forvalta av kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylke.

Publisert av Kristi Linge Stakkestad. Sist endra 02.11.2010
img_1862.jpg

Tilskotsordninga er tredelt:
1) Statstilskot frå Riksantikvaren til freda bygg og anlegg. Tilskotsordninga gjeld freda bygg og anlegg i privat eige og freda hus på museum.  
2) Statstilskot frå Riksantikvaren til kystkultur. 
3) Statstilskot frå Riksantikvaren til istandsettingstiltak innanfor verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap - Delområde nord i kommunane Stranda og Norddal.

Det er eit vilkår at bygningane er bevart på sin opphavlege plass. Det er også ein føresetnad for tilskot at antikvariske retningslinjer for istandsetjing, materialbruk osb. blir følgd.

Eige søknadsskjema skal brukast. Du finn det på linken nedanfor.