Kulturskule

IMG_4685.JPG - Klikk for stort bilete

Kulturskulen vart oppretta i 1985. Sidan den tid har mange born og unge fått opplæring på ulike musikkinstrument. Undervisningstilbodet er i utgangspunktet ope for alle innbyggjarane i kommunen, men i praksis er dei fleste søkjarane born og unge i skulealder.

Når du søkjer om opptak, har du rett til å få eit skriftleg vedtak frå kommunen. Sjølv om du ikkje har rett til å motta eit tilbod, må kommunen si avgjerd om tildeling av plass vere sakleg grunngjeven.
 

Det er utarbeidd elektronisk søknadsskjema.

Betalingssatsar.

 

Søknadsfrist er 20. mai.

 

All opplæring på blåseinstrument er i samarbeid med korpsa i kommunen. De som vel eit slikt instrument vert automatisk korpsaspirant.

 

Undervisninga er på skulane i kommunen - i nært samarbeid med skulane. Vi gjer det vi kan for at alle skal få tilbod i sin skulekrins. Vi må ta atterhald om tilstrekkeleg påmelding og  tilgang på nødvendige lærekrefter for å få dette til. All påmelding til kulturskulen skal vere skriftleg på skulen sitt søknadsskjema. På same måte skal utmelding vere skriftleg. Ved utmelding skal skulepengar for semesteret betalast. 

 

Det er kommunestyret som fastset satsane - vanlegvis i samband med budsjetthandsaminga, gjeldande frå 1. januar kvart år. Skulepengane vert kravd inn i to like store summar - ein for haustsemesteret og ein for vårsemesteret. Kulturskulen har følgjande søskenmoderasjon: barn 1 - full pris, barn 2 - 20% moderasjon, barn 3 og vidare - 30% moderasjon.

 

Å vere elev i kulturskulen er frivillig. Men - for at elevane i det heile skal ha utbyte av å vere elev, krevst det eigeninnsats i form av øving heime. Det betyr og at eleven må ha tilgang på instrument for å kunne øve. Å øve t.d. på keyboard eller orgel når målet er å lære pianospel, er ikkje tilfredstillande.

 

Skuleåret i kulturskulen følgjer skuleruta i grunnskulen - med same fri- og feriedagar. Kulturskulen har eit skuleår på 34 veker. Det betyr at undervisninga vert avslutta tidleg i desember og i skiftet mai/juni. Dette kan variere noko og informasjon vert gitt i god tid.

 

Undervisninga er lagt opp på fleire måtar. Vi har individuell-, og gruppeundervisning som varierar i lengde. Skulepengane er dei same uansett type undervisning og timelengde. Det er rektor i samråd med lærarkollegiet som legg opp kva type undervisning som passar til elevane og dei instrumenta dei har velt.

 

Ei av dei store utfordringane til kulturskulen er å skaffe vikarar ved sjukdom og anna fråver av det faste kollegiet. Det betyr at det kan vere aktuelt å avlyse undervisning elevane har krav på. I retningslinene til kulturskulen heiter det at... "rektor kan avlyse undervisning to gonger pr. semester utan at det skal refunderast skulepengar".... Avlysingar utover det gir rett til reduksjon i skulepengane.

 

Ein del av det å vere elev i kulturskulen er å ta del i skulen sine aktivitetar. Det betyr at elevane skal vere med på konsertar og arrangement skulen har gjennom året som t.d konsertar på institusjonane, offentlege konsertar, eller oppdrag frå lag og foreiningar i kommunen. Det er ingen tvang, men vi ønskjer at elevane skal lære og oppleve konsertsituasjonen som noko positivt.

 

LITT OM DEI FORSKJELLIGE TILBODA
 

Tangentinstrument (piano, keyboard og orgel): Elevane får individuell undervisning som varierar mellom 20 - 30 minutt. Ikkje aldersbegrensing.

 

Blåseinstrument (korpsinstrument inkl. slagverk):  Elevane vert undervist individuelt og i grupper og vert automatisk korpsaspirant. Korpsa held  instrument. Variabel lengd på timane etter storleiken på gruppene. Frå 3. klasse.

 

Fiolin (fele):  Individuell- og gruppeundervisning - variabel lengde på timane etter  vurdering. Ikkje aldersbegrensing.

 

Gitar: El.- akkustisk- bassgitar. Individuell- og gruppeundervisning - variabel lengde på timane. Frå 4. klasse.

 

Song: Ingen aldersgrense, men ei vurdering vert gjort av lærar i dei høve elevane er svært unge. Songopplæring med vekt på kjente songar både frå vår eigen tradisjon og frå andre kulturar. Enkel forklaring/visning av stemmebruk i starten - meir vektlagt etter kvart som elevane vert eldre.



Dans: Storgruppe med variabel lengd på timane. Elevane vert sett saman i grupper etter alder. Forskjellige danseformer - frå streetdance til jazzballett etter ønskje. Ikkje aldersavgrensing. Vi må ha ein viss storleik på gruppene for at dette tilbodet skal vere aktuelt.

 

NB : Alt notemateriell som vert nytta kjem i tillegg til skulepengane. Påmeldinga er bindande.

Tilboda i Norddal kulturskule

 

Instrument

Alder

 

Piano

Ingen

Individuell undervisning

Fløyte

Frå 3. klasse

Individuell- og gruppeundervisning

Klarinett

Frå 3. klasse

Individuell- og gruppeundervisning

Saksofon

Frå 3. klasse

Individuell- og gruppeundervisning

Kornett/trompet

Frå 3. klasse

Individuell- og gruppeundervisning

Horn

Frå 3. klasse

Individuell- og gruppeundervisning

Trombone

Frå 3. klasse

Individuell- og gruppeundervisning

Baryton

Frå 3. klasse

Individuell- og gruppeundervisning

Tuba

Frå 3. klasse

Individuell- og gruppeundervisning

Slagverk

Frå 3. klasse

Individuell- og gruppeundervisning

Fiolin

Ingen

Individuell- og gruppeundervisning

Akustisk gitar

Frå 4. klasse

Individuell- og gruppeundervisning

Elektrisk gitar

Frå 4. klasse

Individuell- og gruppeundervisning

Bassgitar

Frå 4. klasse

Individuell- og gruppeundervisning

Dans

Ingen

Gruppeundervisning

Song        

Ingen

Individuell- og gruppeundervisning

 

NB! Ingen vil få tildelt plass i meir enn 2 tilbod. Ønskjer nokon fleire tilbod, vil det kun vere muleg etter at alle som har søkt har fått plass og etter ei vurdering saman med føresette!

 

Tilsette i kulturskulen

Sist endra 02.05.2017

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 33
Bunnhjørne
Hovudside (2)