Kulturtilbod og -arrangement

Her er eit eit rikt musikkliv med tre korps og vaksenkor. Idrettslaga held også høg aktivitet, her skal vere eit tilbod for dei fleste. På begge sider av fjorden er det ein ungdomsklubb som vert styrt av ungdomen sjølv. Her er også aktive pensjonistforeningar. Går du inn på lag og organisasjonar får du ein oversikt over desse.

Eit mål med kommunen sin kulturpolitikk er å utvikle den viktige ressursen som ligg i det frivillige kulturarbeidet.

Arrangement blir lagt i kalendaren på framsida etter kvart som dei blir fastsett.


Publisert av Aud Lindis Ødegaard. Første gong publisert 21.03.2012