Statstilskot til lokale kulturbygg

post
post

Dette er er ei statleg finansieringsordning som kan brukast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturhus. Søkjar kan vere andelslag, kommunar, stftingar eller organisasjonar med demokratisk oppbygging. Ein kan sende inn søknad via www.idrettsanlegg.no eller via papirsøknad. Søknad skal gå om kommunen.

Publisert av Aud Lindis Ødegaard. Sist endra 01.02.2011

Det blir ikkje gitt tilskot til ordinært vedlikehald eller drift. Det er utarbeidd retningslinjer som du kan lese på linken under. 

For å kunne søkje om kulturbyggmidlar må det liggje føre ein del dokumentasjon. Aktuelle prosjekt skal meldast inn til kultursjef.

Alle planar må vere førehandsgodkjent før det kan søkjast om kulturbyggmidlar, og dette må skje innan 1. oktober kvart år. Godkjenningsinstans for dei fleste prosjekt i kommunen er v/kulturavdelinga.  Vert arbeid sett i gang før førehandsgodkjenning er på plass, er det avslagsgrunn.

Kommunen skal ha innspel om kva søknader som er aktuelle innan 1. oktober. Det skal då følgje med behovsvurdering, planar, teikningar og eit grovt kostnadsoverslag.

Tidlegare søknader må fornyast årleg. Det skal skrivat på søknadsskjema, men ein kan vise til innsendte vedlegg.

Søknadsfrist tl fylket er 1. mars kvart år. Kommunen godkjenner søknaden før vidaresending til fylket. Det blir gjort vedtak om fordeling i løpet av mai månad.

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 33
Bunnhjørne
Artikkel (1)