Valldal samfunnshus

Valldal samfunnshus - Klikk for stort bilete

Valldal samfunnshus er eigd av Norddal kommune. Det er kombinert gymsal og forsamlingshus. Det blir tildelt treningstid til lag og organisasjonar etter søknad. Anna utleige skjer gjennom servicetorget.

Det vert praktisert "skofri" ordning. Dvs. at utesko skal stå att nede i gangen. Ved spesielle arrangement fråvik ein denne ordninga.

Når ein leiger salen, og berre treng ein mikrofon er dette inkludert i husleiga. Ein må då gi beskjed om dette slik at utstyret blir lagt fram i forkant av arrangementet.

Når ein leiger bord og stolar som skal ut av huset er leigar ansvarleg for at det blir vaska etter innattberinga om det er behov for det.

Borda står lagra på FDV sin garasje. Det er 18 bord til utleige per i dag.

Utleigeprisar Valldal samfunnshus
Pris
Langhelg for lokale lag evt. med korps- eller korkafe - inkl. vask kr 2500
Større inntektsbringande arrangement - ink. vask kr 3600
Leige av sal 1 dag - lokal lag - inkl. vask kr 2200
Øvingshelg utanbygds kor/korps - inkl. vask. Ved sambruk med skulen, rektor fastet leigepris kr 3800
Private arrangement - inkl. vask kr 3800
Lyd og lys per dag (lokale lag og org. har det inkl. i husleiga) kr 1300
Utleige utan kjøkken gir fråtrekk på 600 kr
Bord og stolar (ut av huset)
Det er gamleborda som blir leigd ut, står lagra i garasje som eigedomsforetaket har nøkkel til.
Bord, per stk. kr 70
Stolar, per stk. kr 40
Rabatt for leige av mange
Vedteke i k.styret des. 2014
Utleigeprisar Valldal samfunnshus

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 33
Bunnhjørne