Tilskotsordningar

Kulturmidlar

Lag og organisasjonar kan søkje om kulturmidlar til drift og investeringsmidlar til forsamlingshus. Søknadsfrist er 1. april. Skjema finn ein på søknadssenteret. I tillegg kan det søkjast om midlar til t.d. einskildarrangement, sjå brosjyre (PDF, 148 kB).

 

Tilskotsportal

Kommunen abonnerer på Tilskotsportalen som lag og foreningar i Norddal kan nytte til å finne aktuelle tilskotsordningar å søkje på.

 

Spelemidlar

Kommunen gir rettleiing og handsamar søknader om statlege spelemidlar til anlegg og område for idrett og friluftsliv. Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet dannar grunnlag for prioritering av spelemidlar.

 

Kulturbyggmidlar

Dette er er ei statleg finansieringsordning som kan brukast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturhus.

Publisert av Aud Lindis Ødegaard. Sist endra 24.06.2014
Hovudside (1)
Artikkel (1)