Freda bygningar og anlegg - tilskot

Du kan søkje om tilskott dersom det oppstår meirkostnader i samband med vedlikehald av freda bygning på grunn av krav til materialtype og framgangsmåte i fredingsvedtaket.

Det vil bli gjort ein fagleg vurdering av den kulturhistoriske verdien og kva tiltaket vil ha å seie i samband med målet med tilskottsordninga. Er du eigar og får dispensasjon fra vedtak om freding som samtidig set vilkår som gjer arbeidet dyrare, skal du ha heilt eller delvis vederlag for denne utgiftsauken. Elles blir dette prioritert:

  • tiltak som stansar og hindrar vidare forfall
  • mellombels sikring av freda bygg og anlegg som er i forfall
  • tiltak som sikrar bygg og anlegg som det er få av

Sjå Norsk kulturminnefond for kriterium/vilkår for søknader som skal sendast dit.

På grunnlag av søknadene frå fylkeskommunane fordeler Riksantikvaren tilskottsmiddel som blir sende til fylkeskommunane for vidare fordeling. Det er fylkeskommunan som gjer vedtak om tilskott. Du får skriftleg melding om vedtaket. Styret i Norsk kulturminnefond gjer vedtak når det gjeld søknader som blir sende dit.

Kulturminnefondet

Møre og Romsdal fylkeskommune

Riksantikvaren

Sist endra 09.05.2014

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 33
Bunnhjørne