Kulturmidlar 2014

Vekas tur til Vikasetra 250609 - Klikk for stort bilete Norddal kommune yter kulturmidlar til drift av frivillige lag og organisasjonar som driv kulturaktivitetar, samt tilskot til forsamlingshus. Søknadsfrist er 1. april. Vi oppmodar alle om å sende søknaden elektronisk til Norddal kommune.

Publisert av Aud Lindis Ødegaard. Sist endra 03.03.2014

Vi oppmodar flest muleg om å søkje elektronisk. Logg deg inn på valg for elektronisk søknadssenter i høgre stolpen på sida, der vil du få rettleiing for korleis du loggar deg på for å få tilsendt passord. Evt. kan du gå inn på http://min.e-kommune.no/norddal_kommune.

For meir informasjon, kontakt Aud Lindis Ødegaard på tlf. 70 25 88 00, eller send epost: auod@norddal.kommune.no.

Manuelt søknadsskjema finn du på link under, eller i servicetorget.

Søknad skal sendast til Norddal kommune postboks 144, 6211 Valldal, evt. leverast i servicetorget.

I tillegg til kulturmidlar er det høve til å søkje om tilskot til andre tiltak gjennom heile året, jfr. pkt 5 i Reglement for tildeling av kulturmidlar som du finn på linken under. Her er det ikkje utarbeidd søknadsskjema, og ingen spesiell frist.

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 33
Bunnhjørne