IMG_1921.JPG
Denne veka går turen til setra Hjellen, som høyrer til den fråflytte fjordgarden Ospahjellen i Eidsdal. Oppmøte på parkeringsplassen på Gjerdeneset på Kilsti kl 1800.
Forholdsvis lett terreng med gammal furuskog og myrtjørner, med strålande utsikt over fjorden. Hjellen vart rydda på 1700-tallet. Huset er ei stove fra Linge som ble flytta opp i slutten av 1800-tallet av Gunder Aspehjell, litt seinare flytte han garden ned til nedste Ospahjellen og brukte øvstegarden som sæter. Velkomne!
Turen tek om lag 1-1,5 time kvar veg. Det blir rast på setra.
Ferje frå Linge kl 1720.
Turleiar er Eidsdal IL/Grete Rønneberg.
No tek vekas tur pause fram til 11. august, då går turen over Syltefjellet.
God tursommar!
Ta deg gjerne ein Stikk UT- tur!
Vekas turar 2016 (PDF, 151 kB)