Næring

Klikk for stort bilete

Næringsavdelinga forvaltar den kommunale og statlege næringspolitikken. Ein legg til rette for og arbeide med næringsutvikling i vid tydning, og vere eit kompetanse- og rådgivningsorgan for alle næringar.

Leiar er Toralv Klokkehaug, tlf. 975 15 319,
e-post: toralv.klokkehaug@norddal.kommune.no

Publisert 11.11.2015

No kan du følgje hjorten som er GPS-merka gjennom hjortemerkprosjektet Sunnhjort ved å følgje denne lenkja.

 

WebGis hjortemerk

Hjortemerking

Nettlesaren bør vere Internett explorer

Publisert 31.08.2015

 Etter 1. september kan ein spreie husdyrgjødsel etter søknad.

Etter 1. oktober  og fram til 1. november kan ein spreie husdyrgjødsel berre for nedmolding.

Publisert 19.08.2015

Driveplikt av jordbruksareal er eit tema som jamnleg dukkar opp. Næringssjefen vil difor kort minne om kva som er sentralt i lovverket når det gjeld driveplikt.

 

Publisert 17.08.2015

Retten til å ferdast og opphalde seg i skogen, på fjellet og langs kysten vert kalla allemannsretten. Allemannsretten bygger på respekt for miljøverdiar, grunneigarar og andre brukarar. Allemannsretten gjeld for utmark og ikkje for innmark.

Publisert 24.06.2014

Skogkultur er eit viktig satsingsområde for at skogressursane skal nyttast på ein god måte. Med bakgrunn i dette er det gjennom eit samarbeid mellom fylkeskommunen, skogbrukssjefen og Stranda, Norddal og Sykkylven kommune blitt satt av 60 000 kr for å gi rådgivande tenester fram til 1. august 2014.