Bærplukking er ein del av allemannsretten

Haust på heia - Klikk for stort bilete

Retten til å ferdast og opphalde seg i skogen, på fjellet og langs kysten vert kalla allemannsretten. Allemannsretten bygger på respekt for miljøverdiar, grunneigarar og andre brukarar. Allemannsretten gjeld for utmark og ikkje for innmark.

Retten til fri ferdsel og opphald gjeld i utgangspunktet berre i utmark, men også på innmark når marka er frosen og snødekt.

Med utmark meinast udyrka mark, skog, fjell, myr, lynghei, holmer og skjær.

Med innmark meinast dyrka mark, innmarksbeite, skogplantefelt, gardsplass, hustomt og industriareal.