Bygdeutviklingsmidlar

Formålet med BU-midlane er å legge til rette for næringsutvikling som dannar grunnlag for langsiktig, lønnsom verdiskaping og desentralisert busetnad med utgangspunkt i landbruket sine ressursar generelt og landbrukseiendommen spesielt. Det skal òg leggast til rette for eit landbruk der kvinner og menn får like muligheiter.

Alle BU-søknader skal sendast via Norddal kommune si næringsavdeling, som så sender saka vidare med ein uttale til Møre og Romsdal fylke. Kommunen skal veilede og følgje opp tiltak som får støtte.

Fjordhagen og Norddal kommune har etablert ein samarbeidsavtale når det gjeld bygdeutviklingsmidlar. Fjordhagen tilbyr gratis rådgjeving til alle søkjarar. Ta kontakt med Fjordhagen eller næringsavdelinga tidleg i prosessen for meir informasjon.

Send søknaden til
Norddal kommune
Servicetorget
Postboks 144
6211 Valldal

Kommunen tek imot søknaden, vurderer han og sender han vidare til distriktskontoret til Innovasjon Noreg, som avgjer søknaden.

Ved søknad om utgreiingstiltak skal søknaden sendast via kommunen til Fylkesmannen.

Norddal kommune saksbehandlar søknadane etter kvart som dei kjem inn.

Sist endra 08.05.2014

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 65
Bunnhjørne