Etablerarprøven for serveringsverksemd

For å få innvilga serveringsløyve må dagleg leiar ha gjennomført etablerarprøven. Prøven skal sikre at den ansvarlege for serveringsstaden har dei nødvendige kunnskapane om økonomistyring og lovgiving som er av betydning for bedrifta. Kommunen er ansvarleg for å halde desse prøvene. (Dette er ikkje det samme som kunnskapsprøven etter alkohollova.)

Kommunen skal halde prøven innan to månader etter at han har mottatt melding om at du ønskjer å avlegge prøven. Etablerarprøven er ein fleirvalsprøve. Du vil få 90 minutt til å svare på prøven. For å klare prøven må 40 av 50 svar vere rette. Ta med gyldig legitimasjon.

Nødvendig læremateriell før avlegging av prøve, får du ved å vende deg til servicetorget. Ta nærare kontakt for oppmelding til prøve. Kandidaten må betale eit gebyr på kr 400,- før prøvetakinga.

Forskrift om etablererprøve for dalgeg leiar av serveringsstad

Sist endra 09.10.2014

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 05
Tittel :
Leiar
Bunnhjørne