Driveplikt av jordbruksareal

Gjødselspreiing - Klikk for stort bilete

Driveplikt av jordbruksareal er eit tema som jamnleg dukkar opp. Næringssjefen vil difor kort minne om kva som er sentralt i lovverket når det gjeld driveplikt.

 

Leigejord utgjer om lag 50 prosent av jordbruksarealet som blir drive i Møre og Romsdal. Mange bønder har med andre ord ei drift som gjer dei heilt avhengige av jord som dei ikkje eig sjølve. Driveplikta bygg på at eigar har eit ansvar for å forvalte arealressursane på ein god måte i tråd med føremålet i jordlova. Plikta inneber at jordbruksareal skal drivast kontinuerlig, og plikta tek i vare ønsket om å sikre produksjon av mat samtidig som jordbruksarealet sine produksjonseigenskapar og kulturlandskapet blir ivareteke. Aktiv drift kan også redusere risikoen for at areala blir bygt ned.

 

Jordlova § 8 seier at jordbruksareal skal drivast, og at ny eigar innan eitt år må ta stilling til om han/ho vil drive eigedomen sjølv eller leige bort jordbruksarealet. Driveplikta kan oppfyllast ved å leige bort arealet som tilleggsjord til anna landbrukseigedom. Det er ein føresetnad at det ligg føre skriftleg leigeavtale på minst 10 år om gongen utan høve for eigaren til å seie ho opp. § 8a i jordlova gjer greie for at det kan søkjast om fritak frå driveplikt.

 

Definisjonen på jordbruksareal er fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innnmarksbeite. Dersom eigedomen har slikt areal, er det driveplikt på den. Driveplikta varer gjennom heile eigartida, frå ein blir eigar og til ein overdreg eigedomen til nokon andre.

 

Rundskriv M-3/2011 gir nærare greie for korleis driveplikta skal handhevast, og kva oppgåver kommunene har i samband med dette. Dersom jordbruksareal ikkje er drive av eigar sjølv eller leigetakar i tråd med jordlova § 8, skal kommunen vurdere å følgje opp brot på driveplikta. Rundskrivet har detaljerte sjekklister for kommunen sine oppgåver som tilsynsmynde når det gjeld driveplikt.

Sist endra 19.08.2015